Pappa var født på Viland i Ølensvåg 27-09-1958. Han blei 62 år.
Han var nest yngst i ein søskenflokk på 6, og i lag med foreldrene Gurine og Peder dreiv dei med kyr på garden. Dei hadde også arbeidshest. Pappa og søskenflokken var aktivt med på gardsdrifta her med hesjing og trakka høa. Dei hadde ikkje buss då, men ein gode fine gåtur til skulen i Vågen.
Bestefar på Viland døde i 1974, samme år som pappa begynte på yrkesskulen på Sand på snekkerlinja. Året etter gjekk han videre i Haugesund på tømrar. I 1978 var han i militæret og han var alltid stolt over å ha vore i Garden
Pappa og mamma blei gift i 1982 og fekk meg (Per Gunnar) i 1983 og bror min Arvid i 1986. I 1987 fekk pappa overta slektsgarden på Vaka, og me bygde nytt hus der. Mamma og pappa skilte seg i 1993, og eg og Arvid var hos pappa annakvar helg. Då var me lltid masse hos bestemor i Vågen, og på besøk til lekst og venner. Spesielt masse hos Sverre og Mona der me også var med dei til hytta på Seljestad.
I 1996 døde bestemor, og det var trist for alle. Pappa tok det veldig tungt. Det var hos bestemor vi alltid samlast på søndagane, og alle søskeno til pappa kom, og me følte nesten alle kom der kvar søndag.
I 1997 traff pappa Solrun, og hu flytta til Vaka. Solrun og pappa utfylte kvarandre godt. Ilag har me hatt masse fine turar til syden, og til slekta hennas i Molde. Dei kjørte alltid til Molde og pappa la ruta etter kor han kunne sjå nye ferdigstilte vei og bru-prosjekt.
For det var anleggsbransjen som var skapt for pappa. Han tok fagbrev som forskalingssnekker og hadde enorm interesse for forskaling og betongarbeid. Noko som eg og Arvid har arva på ute-områdene våre, der han hjalp til.
Han likte å fortella om plassene hadde jobba, og eg kan nevne Kårstø-utbygginga, Ekofisk-veggen i Vikebygd, Askøybruo, Trekantsambandet, Aukra og siste jobben har var nå, utbygginga av Haugesund Sjukehus der han jobba for Veidekke.
I 2006 overtok eg heimaplassen på Vaka. Solrun og pappa hadde kjøpt seg leilighet i Haugesund, der hu jobba. I 2018 kjøpte dei seg ny leilighet med flott utsikt utover Karmsundet, der han likte å speida på båtane mens han satt i godtolen.
Eg og Arvid som er i lag med kvar våres Bjoajenta, var han meget glad i. Han ville alltid inn til Ølensvåg og Vaka for å besøka begge plassene, for å hilsa på alle barnabarn som han likte å være med, og tilbringe tida med. Han hadde alltid med seg noko frå cafeen til Solrun eller han hadde stoppa på butikken og handla overraskelser til barnebarna.
Han snakka med alle og lurte alltid på koss det gjekk med båre familie, venner og arbeidskollegaer. Eg huska alltid på fotballtreningane eller fotballcuper til barnebarna, så tok han heile runden rundt banen og prata med bygdafolket.
Å eg vett ikkje kor mange ganger han har kjørt eller henta meg og Arvid når me skal i Nordsjøen. Det var aldri snakk om han kunne, men kor han skulle henta eller kjøra oss.
Han hadde full kontroll på kor me var med båtane, som han følgte med på Ipaden sin. Ja, av og til visste han nesten bedre kor me var, enn me visste sjølv som var om bord.
Men pappa har i seinare år slete meir og meir med helsa. Han har jobba i eit fysisk krevande yrke, men fekk tilrettelagt meir med å kjøre truck og kran osv. Hofteoperasjonen blei ein suksess, men ein tolmodighetsprøve i ettertid med opptrening. Han sleit med Bekhterevs sjukdom, og prikking under føttene. Han har slete mykje meir med helsa enn me kunne forestille oss, og den foreløpige obduksjonen fortalde oss også at han hadde alvorlig lungekreft.
Me skal leva videre på dei gode minnene til pappa, bestefar og svigerfar.
Kvil i fred
Vis mer
Vis mindre