Kjære tante Jean
Takk for alle gode minner. Eg var så stolt av deg, ingen hadde ei tante som deg. Du brakte verda, glamour, luksus og ei fantastisk fridomskjénsle inn i mitt unge liv. Kan enda mane fram lukkekjensla det ga å kruse rundt i venstre forsetet i verdas finaste Ford Capri seint ein kveld medan kassettspelaren sørgde for perfekt musikk, på veg til iallefall eit døgn på Utsikten, kanskje to. Der venta boblebad, honnykorn, engelsk kjeks og kaker i dei finaste kakeboksar. Det var eit skoskap ut av denne verda, det var jade og mahogni, dei mjukaste vegg til veggtepper, det var kinesiske damer p doveggen, det var smykker, parykkar, leopardkåpe, dei lekraste nattkjolar, og alt dette var tilgjengelig for meg! Det var som eit eventyr. Leggetid fantes ikkje, og me stod opp då me ville. Til og med støvtørkig vart glamourøst hjå deg då det foregjekk med dei lekraste støvbørstane i rosa, limegrønt og gult fluffy design. Min fasinasjon for England starta hjå deg, med Mona og James, Bessie og Redcar, med fotoalbum proppfulle av inntrykk frå den store verda der ute.
Og så var du så vakker, med beige, kort innsvinga kåpe og raude, høge støvletter med snøring såg du ut som ei filmstjerne.
Dei åra var det du og eg, iallefall føltes det sånn den gongen, det gjere det nå og. Seinare i ungdommen, då ting vart vanskeleg, var du der og. Du forstod alltid kva det dreide seg om.
Takk for alt, tante Jean
Laila
Vis mer
Vis mindre