MINNEORD OM HENNY OHM
Vår kjære mamma er ikkje blant oss lenger. Ho blei fødd på Leirvik i Sveio 18.mars 1926, som den sjette av ni søsken. Me fekk inntrykk av at dei hadde ein fin og god barndom i ein godt samansveisa familie, med mykje song og musikk i ledige stunder. I tillegg til eit lite gardsbruk, var det fiske dei dreiv med som leveveg. Foreldra hennar var Madele og Ingvald Leirvik.
Mamma var tenåring i krigen, difor blei ikkje vidare skulegang etter folkeskulen så enkelt å få til, sjølv om ho var svært skuleflink. Ho og søstrene måtte tidleg vera med far og brør på fiske, både sommar og vinter. Mamma likte godt å sy, og hadde svært lyst til å gå på skule i Haugesund for å læra meir, men ho fekk ikkje lov til det så lenge krigen varte. Det blei i staden eit korrespondansekurs i saum, og ho sydde masse til folk i bygda etterpå. Noko seinare blei ho hushjelp for ein familie i Bergen, og jobba på ein kafé i Haugesund.
Etter krigen starta ho som butikkhjelp og hushjelp hos Kristen Ohm i Øvre Vats, og han blei ho også gift med. Dei fekk sju barn, og etterkvart blei det 12 barnebarn, 19 oldebarn, 2 bonus-oldebarn og 3 tippoldebarn! Ho blei veldig glad i dei alle saman, og me i henne. Ho var Mormor, Farmor, Bestemor, Oldemor og Tippoldemor! Det var mange å hugsa på, til både bursdagar og jul. Ofte etter me ungane blei vaksne, har me tenkt på kor strevsamt livet må ha vore der på Krossen i den første tida som ung husmor. Det var ikkje innlagt vatn og WC, det var mange kler som måtte vaskast, me hugsar ho skylde opp klede i den kalde elva. Det var mange munnar som skulle mettast, men mamma var ein kløppar på å baka gode brød, potetkaker, pannekaker, lappar og meir til! Frukt og ber blei henta og laga til syltetøy, saft og hermetisert. Om sommaren og i påsken var me alltid i Sveio for å hjelpa til der hos hennar gamle foreldre, og om litt far hennar då mora døydde så tidleg som i 1959. Ofte sakna mamma utsikt til sjøen der me budde i Vats, for i Sveio, der ho voks opp, var heimen nær Ålfjorden. Dei hadde fin utsikt, så ho likte alltid godt å få koma tilbake dit.
Mamma og pappa dreiv butikken i heile 25 år, og mamma blei enke i 1988, då var pappa 76 år gamal. Ho likte godt å syngja, så ho var med i Vats blanda songkor i mange år, og seinare i Vats Musikklag, der ho også spelte trekkspel. Dette var noko ho likte veldig godt, mest alle søskena hennar spelte trekkspel, og ho klarte å spela mest heilt til det siste, men det blei vanskelegare etter kvart som kreftene forsvann i armane. Mamma hadde masse omsorg i seg, hadde alltid godt humør, og ho var veldig glad i folk. Ho var pasientvenn på Vindafjordtunet i seks år, og jobba som heimehjelp i nokre år. Hobbyane var å sy og strikka, baka, løysa kryssord og skriva dikt på rim. Så mange gode lefser ho har baka for folk, så mange gode strikkalubbar me har fått av henne! Når ho kom på besøk, hadde ho som regel med seg noko kvar gong, potetkakene og pannekakene hennar var elska av alle barn, barnebarn og oldebarn.
Mamma fekk hjarteinfarkt i 1987, og sjukdommen kom igjen nokre gonger, så i 2009 måtte ho ta hjarteoperasjon. Etter dette kom ho ned på Vindafjordtunet, som blei hennar heim nå. Ho likte seg godt der, men måtte ta det meir med ro frå nå. Trekkspelet hadde ho med seg. Ho koste seg ofte med det, og ho spelte av og til for dei andre som budde der og. I tillegg var ho ofte på samankomster og leste dikt eller fortalde vitsar. Ho var snill og god med alle, og ho likte godt å sjå på småfuglane, som fekk mat av henne kvar einaste dag.
Rett før jul kom mamma på sjukehuset etter eit fall heime i omsorgsleiligheita på Vindafjordtunet. Påkjenninga blei for stor etter operasjon for lårhalsbrot, og den 22.des sovna ho fredeleg og stille inn med sine nære rundt seg.
Me har så mange fine og gode minne etter mammaen vår, at dei kunne fylla ei heil bok. Desse minna skal me alltid bera med oss, og dei vil heilt sikkert hjelpa oss med å fylla det store tomrommet etter henne! Takk for alt, kjære mamma vår! Kvil i fred!
Helsing ungane til Henny
Vis mer
Vis mindre