Kjære Silje!
Tusen takk for at eg fekk bli kjent med deg. Du var ein berikelse til vårt kollegium på Skjold skule. Eg ser endå det nydeleg smilet ditt, du smilte ikkje berre med munnen, men også med augene.
Me var i desember på pilfletting på Søre Skogen, det var ein fantastisk kjekk kveld, der eg fekk læra deg betre å kjenna. Du var så smilande og sprudlande.
Eg ser deg ennå føre meg på julebordet nå sist. Vakker som ei brud, med ein liten fine mage. Me gleda oss alle på dykkar vegne.Du viste også god omsorg for meg når eg nå for litt sidan mista pappaen min, du jobba samen med han i klassen.
Mine tankar går til deg Oddvar og dei to søte små. Det finns ikkje ord for det som de går gjennom no. Men hugs:
Størst av alt er kjærligheten.
Varme tankar og klemmar fra Anita
Vis mer
Vis mindre